Vår Gud han er så fast ei borg
1 Vår Gud han er så fast ei borg,
han er vår skjold og verja.
Han hjelper oss i all den sorg
og naud som vil oss herja.
Vår gamle fiend sterk
med alvor gjer sitt verk.
Stor makt og mangfald list,
det er hans våpen visst.
På jord er ei hans like.

2 Med eigi makt me inkje vann,
det fekk ein usæl ende.
Men med oss går den rette mann
som Herren sjølv oss sende.
Hans namn det veit du visst:
Han heiter Jesus Krist,
Gud Sebaot han er
og Frelsar for vår verd.
Han sigeren skal vinna.

3 Om verdi full av djevlar var
som ville reint oss glupa,
me ingen otte i oss bar,
dei skulle alle stupa.
Og fyrsten for den her,
kor arg han enn seg gjer,
oss inkje skada kan.
Han er ein maktlaus mann.
Eit ord, og han vil falla.

4 Og ordet skal dei lata stå
og berre vantakk finna.
Med oss er Gud, og visst me må
ved Andenes gåva vinna.
Og tek dei enn vårt liv,
oss bort frå heimen riv,
lat fara alt, for sjå,
dei sigrar ei endå.
Guds rike vårt skal vera.