.

1 Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim,
lei du meg fram!
Eg går i mørke natt langt frå min heim,
lei du meg fram!
Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
så langt og vidt eitt steg er nok åt meg.

2 Du veit det vel, eg bad ei alltid så:
Lei du meg fram!
Eg ville velja sjølv min veg, men no
lei du meg fram!
Eg ville leva fritt, var stolt og strid
og stor i mod å, gløym den dårskaps tid!

3 Di makt hev signa meg, då veit eg visst:
Du leier enn
i myr og fjell og hei, og så til sist
ein morgon renn,
då til meg smiler engleåsyn blid,
som eg hev elska før, men mist ei tid.