1 Han tek ikkje glansen av livet,
den Frelsar som kallar på deg.
Fyrst då kan for alvor du leva
når han får deg fylgja på veg.

2 Du høyrer dei dårande røyster
som lovar deg gullglim og glans,
men ingen legg lys over vegen
som Jesus og kjærleiken hans.

3 Han hjelper i brattaste bakkar
og stør deg når vegen vert smal.
Han signar dei sollyse sletter
og lyser i dødsskuggens dal.

4 Han fører deg frelst over fjorden,
heilt fram til den himmelske strand.
Når døden sin brotsjø du møter,
vil Jesus dra båten i land.

5 Han tek ikkje glansen av livet,
han gyller din morgon og kveld
og opnar ei dør til dei salar
der æveleg høgtid du held.