1 Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

2 Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
høyr, kor sterkt det susar
i den stille kveld!

3 Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.

4 Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg eingong blundar
i Guds faderarm.