1 Ein fin liten blome i skogen eg ser,
I granskogen diger og dryg,
Og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

2 Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
Der skuggane tyngja deg må?
-Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
Til ringaste blom vil han sjå.

3 Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
Der folk kunne skoda på deg?
-Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
Eg føddest til skogblome, eg.

4 Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
Då vert det vel dødsdagen din.
-Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
Til vårsola kysser mitt kinn.

5 Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
Om ensleg eg vert på min veg,
Så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar og meg.

6 Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
Med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
Med bøna eg sovnar kvar kveld.

7 Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
I blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
Den høver for vandringa her.

8 Som blomen om vinteren visnar eg av,
Men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
Mi sjel, ho er heime hos Gud!

9 Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
I morgonen æveleg klår,
Og blanda med heilage englar min song
I himmelen, dit døden ei når!