1 Eg veit i himmerik ei borg,
ho skin som soli klåre,
der er kje synder eller sorg,
der er kje gråt og tåre.

2 Der inne bur Guds eigen Son
i herlegdom og æra,
han er mi trøyst og trygge von,
hjå honom eg skal vera.

3 Eg er ein fattig ferdamann
må mine vegar fara
herfrå og til mitt fedreland,
Gud meg på vegen vara!

4 Eg med mitt blod deg dyrt har løyst,
eg inn til deg vil treda,
og gjeva hjarta mod og trøyst
og venda sorg til glede.

5 Er du meg tru og bruka vil
Guds ord og sakramente,
di synd er gløymd, di sorg vert still,
di heimferd glad du vente!

6 Når verdi all som drivesand
med gull og gleda viker,
då stend eg ved di høgre hand,
ein ven som aldri sviker.

7 Eg fattig hit til verdi kom
og rann av ringe røter,
fer herifrå med handi tom,
og dødens vald meg møter.

8 Men visst eg veit, ein morgon renn
då dødens natt skal enda.
Min lekam opp or gravi stend
og evig fryd får kjenna.

9 Så hjelp oss du, vår Herre Krist,
ditt blod for oss har runne:
Din beiske død har sant og visst
oss himmelriket vunne.

10 Me takkar deg til evig tid,
Gud Fader, alle saman,
for du er oss så mild og blid
i Jesus Kristus! Amen