1 Å leva, det er å elska
det beste di sjel fekk nå;
å leva, det er i arbeid
mot rikare mål å trå.

2 Å leva, det er i livet
å finna det største verd,
å leva, det er å vinna
til sanning i all si ferd.

3 Å leva, det er å leggja
all urett og lygn i grav;
å leva, det er som havet
å spegla Guds himmel av.